Er det eigentleg borgarløn Ap vil ha?

Det er viktig at arbeidslivet ikkje blir så brutalisert at ein må ha borgarløn i tillegg til løna, men dette er realitet i mange land. Det er ikkje nok at Ap tek denne kampen i opposisjon. Dei må nytte tida i posisjon til å byggje ein god plattform som politiske motpolar ikkje kan rive ned i stillhet.

Foto: Josh Appel

Det er med glede eg les artikkelen om behovsprøvd borgarløn som Lars Martin Mediaas frå Ap har i VG 23.1. Fleire overraskingar har han rett nok på lager. Først ein korreksjon: borgarløn er ei grunninntekt der ein mottek pengar utan at det er noko krav stilt til dei. Det er berre slik ein unngår stigmatisering. Behovsprøvd borgarløn er ei tematisk motsetjing og ein kan undre seg på om Mediaas er ute etter å setje nye namn på gamle løysingar? Det me er enig om er at regjeringa kuttar støtte til små grupper ein etter ein og gjer livet deira unødig tungt. Når regjeringa kuttar i skattane, aukar inntektene mest til dei rike og vidar ut kløfta mellom dei i arbeid og dei som ikkje er det. Det er her borgarløna skil seg frå andre økonomiske system. Kutt i grunninntekta vil merkast av majoriteten og er ein effektiv måte å bygge solidaritet innad i ei så ulik gruppe som dei som tener mindre enn gjennomsnittet.

Det er fint at Mediaas problematiserer då det er mange myter om borgarløn, og det er rett at me har ulike behov ved ulik alder. Heldigvis for aleinemora er ho ikkje åleine. Born skal og få borgarløn. Dei får det idag i form av barnetrygd. Det er den einaste gjeldande ordning me skal gje nytt namn: barneborgarløn. Regjeringa vil ha meir for gruppa 0-6. Det går fint, og vil hjelpe aleinemora monaleg om me er meir raus enn barnetrygda er i dag. Full borgarløn når ein kanskje ikkje før ein er litt oppi 20 åra? Dette kan tilpassast både studietid og verneplikt, og kallast politisk kompromiss.

Det er viktig at arbeidslivet ikkje blir så brutalisert at ein må ha borgarløn i tillegg til løna, men dette er realitet i mange land. Det er ikkje nok at Ap tek denne kampen i opposisjon. Dei må nytte tida i posisjon til å byggje ein god plattform som politiske motpolar ikkje kan rive ned i stillhet. Det kjem nye opposisjonstider etter dette, der reaksjonen vil prøve å bryte i strukturane utan å miste popularitet. Med ei grunninntekt i botn for alle løner kan me skape denne plattforma. Den blir det nye forhandlingskortet og dei som betalar for lite, vil tape kampen om arbeidskraft. Ved ei kraftig automatisering kan borgarløna òg minke auka i arbeidslause ved at me i større grad kan dele på jobbane

Velferdssamfunnet legg tilrette mange gode ordningar for folk med spesielle behov. Denne tilpassinga skal ikkje erstattast. Ei borgarløn vil likevel kunna erstatte mange støtteordningar. Me vil sjå ei effektivisering av NAV og statleg byråkrati som ingen regjering har klart før. Det ligg i begrepet behovsprøving at nokon må veljast bort. Borgarløn må inkludere dei òg. Me treng ei borgarløn som reelt tettar hola i velferdsmodellen ikkje vidareføre den gamle velferdsmodellen som borgarløn. Det blir ein leik med ord som dei svakaste ikkje fortener.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *