Grunninntekt eit folkefinansiert økonomisk golv.

Foto: Kelly Sikkema.

Grunninntekt kan innførast på ulike sett. Eit system eg likar er ei regelmessig utbetaling av ein fast sum til alle. For å gjere ein forskjel er ein sum på rundt 2G eit godt val. La oss sei grunntinntekta er 200 000 i året. I debatt om tema på Dagsnytt 18 la Aleksander Stokkebø frå Høgre seg på høgast mogleg kostnadsargument. Det virkar å vere ein strategi som er mykje brukt i motstand mot ordninga. Det er ein uheldig argumentasjon og bygg opp under misforståinga om at alle vil få 200 000 kr ekstra i handa. Ei betre forståing er å tenkje på grunninntekta som nullpunktet for nedre grense av disponibel økonomi. I det nivået ligg me allereie idag, men grunninntekta skil seg frå trygdeordningar då den kjem utan vilkår. Den skil seg òg ved at arbeidsløn kjem i tillegg og ikkje som fråtrekk. For å unngå å lage ein meiningslaus høg inflasjon og auka forbruk, er det naudsynt med justeringar av kor mykje som er att av arbeidsløna. Ei enkel løysing er det eg kallar ei folkefinansieringsbidrag. Om alle betalar 1/3 av brutto arbeidsinntekt direkte til grunninntektsfinansieringa vil ein som tjenar 600 000 kr betale inn 200 000 kr i grunninntektsfondet, og sit att med ei disponibel inntekt før skatt på 600 000 kr. Då vil alle som har arbeidsinntekt mindre enn 600 000 kr få ei auke i disponibel økonomi, der dei som tjenar minst vil kome best ut. Har ein 150 000 i arbeidsinntekt blir reknestykket:

150 000+ 200 000-50 000=disponibel økonomi før skatt på 300 000 kr.

Den kloke lesar har alt skjøna at med arbeidsinntekt over 600 000 kr vil ein betale inn meir til grunninntektsfinansieringa enn sjølve grunninntekta. Eg ser for meg mange rike vil klare å samle ei betydeleg motstand mot å forlenge lineariteten i dette langt oppover i inntektsnivåa. Det er å håpe at det kan ende med kreative resultat om finansiering. I fattige land der 1$ i grunninntekt er avgjerande for overleving kan denne delast direkte ut med gode ringverknadar for økonomien. I eit overforbrukssamfunn som Noreg er det ønskjeleg at total kjøpekraft blir uforandra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *